Eksamensoppgaver gitt til eksamen i Norsk Sidemål (ressursheftedag) [tidspunkt ukjent]
 

Ressursheftets tittel: "Ein annan stad"  

OPPGAVE 1

Skriv ei novelle som er inspirert av biletet på s. 7 eller s. 8 i del 1. Biletet skal tene som ein illustrasjon til novella.  

 

OPPGAVE 2

Skriv ein tekst for eit reiselivsmagasin der du presenterer det distriktet du bur i som turistmål.  

 

OPPGAVE 3

Fridtjof Nansen hevdar at friluftslivet, slik han skildrar det, fører oss attende til ein "mere menneskelig tilværelse" (del 2, s. 2).

Skriv eit essay der du tek utgangspunkt i dette synspunktet.
Lag overskrift sjølv.  

 

OPPGAVE 4

Noreg er eitt av dei få landa i verda der alle har rett til å bruke utmarka utan omsyn til kven som eig grunnen (allemannsretten i friluftslova). Likevel kjem det til konfliktar mellomulike grupper og ulike omsyn når det gjeld retten til å ferdast ute i naturen og å hauste av han.

Skriv ein artikkel der du drøftar om det er nødvendig å avgrense allemannsretten.
Lag overskrift sjølv.  

 

OPPGAVE 5

Å reise kan gi grunnlag for opplevingar og refleksjonar.

Skriv ein tekst om verdien av å reise.
Lag overskrift sjølv.  

 

 

Home

[Main Page]    [Biopage]    [Pictures]    [Home Theater]    [Essays]    [SlamBook]    [Links]    [Contact]