Eksamensoppgaver gitt til eksamen i Norsk (fagdag, hovedmål) den 21. mai 2002
 

 

OPPGÅVE 1

Tekst (vedlegg 1):

Tolk novella.

 

OPPGÅVE 2

Tekst (vedlegg 2):

Kva for synspunkt finn du i teksten? Kva for trekk er karakteristiske for skrivemåten til forfattaren? Kommenter den holdninga til bygdesamfunnet som kjem fram i reportasjen.

Merknad:
Namnet Rattsø i overskrifta er oppdikta. Det spelar på ei offentleg utgreiing frå 1997,
"Om finansiering av kommunesektoren". Utvalet som stod bak utgreiinga, vart leidd av professor Jørn Rattsø, derfor namnet Rattsø-utvalet. Utgreiinga hadde framlegg om endringar i kommuneinntektene, noko som kunne ha fått store konsekvensar for mange kommunar.

 

OPPGÅVE 3

Du er med i en gruppe som skal arrangere ein debatt på skolen om kva rolle litteraturen har fått i samfunnet gjennom tidene. Di oppgåve er å skrive eit innlegg der du presenterer nokre av dei synspunkta som var levande i den norske litteraturdebatten på 1800-talet.

Skriv innlegget.

 

OPPGÅVE 4

Du er invitert til ein skole i ein annan del av landet for å halde eit foredrag om talemålet der du bor. I foredraget bør du komme inn på målmerke (dialekttrekk) og sosial variasjon (sosiolekter, gruppespråk.) Du kan og peike på skilnader mellom dette talemålet og talemålet i den landsdelen der du held foredraget.

Skriv foredraget.

 

OPPGÅVE 5

Tekstar (vedlegg 3):

Skriv ein artikkel om norsk lyrikk frå 1950-talet til slutten av 70-talet. Bruk dei vedlagde dikta og eventuelt andre tekstar du kjenner, til å presentere nokre sentrale trekk ved lyrikken i dette tidsrommet.

 

 

Home

[Main Page]    [Biopage]    [Pictures]    [Home Theater]    [Essays]    [SlamBook]    [Links]    [Contact]