Heimestil, ressurshefte ("Ein annan stad") - sidemål

Oppgåve 2 - Ein artikkel i eit reiselivsmagasin.

 

Våler i Solør - Den perfekte staden for rekreasjon og friluftsliv

- og meir til. . .

 

Våler og Finnskogen blir av mange sett på som den perfekte staden for dei som er lei av stress og mas, eksos og støy i byen. Her er det mogleg å feriere i fred og ro, anten ein ynskjer å nyte naturen på Finnskogen eller å opphalde seg i meir sentrumsnære område. Er du interessert i å jakte, fiske, padle, plukke bær eller gå tur i skogen er Våler staden for deg. Skulle du derimot/i tillegg vere interessert i motorsport, ridning, elgmoter, gamal finnekultur m.m., vil du sikkert ikkje angre på at du la ferieturen din til Våler heller. Les vidare og finn ut meir om denne flotte kommunen.

Våler er ein relativt liten kommune som ligg kring 157 km nord-aust for Oslo. Tek du hovudfartsåra gjennom kommunen, riksveg 20, finn du kommunesenteret 30 km sør for Elverum og 65 km nord for Kongsvinger, to av byane i Hedmark fylke. Det er altså ikkje så langt til næraste by, om du skulle ha behov for eit besøk der. Den nemnte riksvegen går langs med Glomma, Noregs lengste elv, og her fins det høve til både fisking, padling, bading og mykje meir. Våler kommune har kring 4250 innbyggjarar, og saman med Åsnes og Grue dannar Våler Solørregionen. For ikkje å bli forveksla med Våler i Østfold, brukar ein difor ofte å seie "Våler i Solør". Kommunen strekk seg austover heilt til svenskegrensa, som ligg kring 4 mil aust for Våler sentrum. Ikkje mange kilometrane unna grensa ligg sentrum på Våler Finnskog, Gravberget. Det bur no kring 120 personar i grenda, mange av dei pensjonistar. Gravberget er verdt eit besøk når du er i Våler, for grenda har fleire ting som er verdt å sjå.

Finnskogen strekk seg over eit digert område på norsk og svensk side av grensa; i Noreg frå Eidskog til Trysil. På byrjinga av 1600-talet kom det finnar frå Savolaks-området og tok seg inn i skogane i Värmland og Solør. Truleg var Anders Liitainen den fyrste som slo seg ned i Gravberget i 1656. Finnane som kom tok med seg skikkar og tradisjonar frå heimlandet. Dei dreiv svedjebruk (brende ned skogen og sådde rug i oska), dei brukte raukstove, rie (korntørke) og sauna, og mange av desse spesielle byggeskikkane er godt bevart på Finnskogen. Skulle du vere interessert i denne kulturen, anten det er arkitektur, levesett eller andre aspekt ved finnekulturen, vil Finnskogen bli ein ynskjestad for deg. Besøkande får som regel inga problem med å få tak i meir informasjon om historia og kulturen på Finnskogen. I Gravberget er det til dømes to godt bevarte finneboplasser, nemleg Øvre og Nedre Berget. Utsikta her er flott over dei endelause skogsområda på Finnskogen, og skulle det friste med ein tur i skogen, så går Finnskogleden over desse husmannsplassane.

Finnskogleden er ein 240 km lang vandringsled som går frå Morokulien i sør til Søre Osen i nord. Leden går mellom anna gjennom dei store skogsområda i Gravberget, samt forbi sentrum av Gravberget. Det er mange turentusiastar som i løpet av sommaren tek fatt på Finnskogleden. Det er mellom anna tilrettelagt for overnatting i opne koier og gapahuker. Langs leden kan du til dømes oppleve minnet om tømmerfløytinga på Haldammen og vandre innom den spesielle kyrkja i Gravberget og Gravberget Gård. Etter å ha gått over husmannsplassane på Berget og over volden på Smalberget, kan du overnatte i koia ved krigsminnesmerket på Hestberget. Frå Gravberget går det óg ein merka sti, "Kjerkevegen", til Våler sentrum.

Gravberget Gård vart bygd i 1852 som styrargard for A/S Gravbergskogen som vart stifta i 1855. I 1902 overtok Borregaard skogen (og garden), og Gravberget Gård har vore sentrum for drifta av skogområda deira sidan då. I 2. etasje av hovudbygningen, også kalla "Bygningen", var det skule frå 1858 til 1870. Dette gjekk føre seg i kirkesalen, som óg var i bruk til gudstenester fram til den nye kyrkja sto ferdig i 1955. Raukstova/bryggjerhuset på garden har óg fungert som posthus og butikk, men nå er det gardsmuseum og konferanselokale her i staden. For å leggje garden til rette for konferansar og kursverksemd vart garden restaurert for kort tid sidan. Garden fungerar óg som overnattingsstad, mellom anna for jegarar frå utlandet.

Gravberget kyrkje vart gitt som ei gåve frå Borregaard til Gravbergsfolket i 1955, og er faktisk ei av dei mest særprega kyrkjene i Noreg. Kyrkja, som er tegna av arkitekt Magnus Poulsson, har form som eit grantre, i slekt med dei gamle stavkyrkjene våre. Kyrkja er vakker innvendig óg, med målarkunst på veggane og i taket. Kyrkjegarden er frå 1893. Tvers over vegen for kyrkja finn vi Gravberget skule, som var ein barneskule som på det meste hadde nesten 80 elevar. I dag er skulen nedlagt, og nyttast for det meste til kafèdrift i høgsesongen for turisme. Ein leirskule har óg byrja å ta form der. Elles i sentrum finn vi mellom anna ein butikk med postfilial.

Omkring 5 km søraust frå Gravberget sentrum ligg Halsjøen og Haldammen. Halsjøen er ein idyllisk sjø med eit areal på 4,38 km2, og eit stykkje av han går inn i Sverige. Ved sjøen er det både gamle koier og eit vakkert hyttefelt ved Haltorpet like ved svenskegrensa. Ved sørenden av sjøen ligg Haldammen, eit fløyteminne med damanlegg og koier. Fløytinga var slutt i 1985, men ein kan med ujamne mellomrom få sjå demonstrasjonar på korleis det gjekk føre seg i fløytarmiljøet i "gamle dagar". Haldammen er óg eit etappemål for Finnskogleden.

På ferda vestover frå Gravberget mot Våler sentrum kan ein finne mange grunnar til å stoppe. Fyrst kjem vi til grenda Risberget, ei grend som er litt mindre enn Gravberget, men som likevel har butikk ("X-handel", utt. "krysset handel") og ein kyrkjesal. Nokre hundre meter lenger vest finn vi det fantastiske Kynna-vassdraget, der du kan bruke kanoar du kan leige av "X-handel". Kynna er det reine padle-eldorado for alle interesserte; mange skuleklassar har lagt turen hit dei siste åra. Der "Gravbergsvegen" krossar Kynna er det nok eit eldorado, denne gongen for dei som liker å feste og høyre på konsertar (mest svensktoppar). Kring 8 gonger i løpet av sommaren er det fest, der folk i nesten alle aldre er med - frå ferske konfirmantar til rutinerte pensjonistar. Mange namngjetne artistar har vore på Kynnbrua, mellom andre Vikingarna og Sputnik. Langs Kynna-vassdraget er det mange gode fiskeplassar, og det er óg mogleg å leige hytte der.

Enda eit par mil lenger vest er det ikkje lenger berre skog vi ser, men nå er det gardar, hus og jordbrukslandskap. I grenda Tøråsen er det til dømes ei bedrift som har spesialisert seg på kreasjonar i elgskinn. Eit par kilometer unna, på Braskereidfoss, finn vi både barneskule(Nordhagen), butikkar og fotballbaner. Den andre (og minste) barneskulen i Våler, Hasla, ligg noko lenger sør, og her er det både fotballbane, gymsal og badebasseng. I nærleiken av Nordhagen ligg kanskje den mest barnevenlege badeplassen i Solør, Sørsåssjøen. Med normale sommartemperaturar er vatnet her varmare enn i dei fleste andre sjøane/elvane i nærleiken, og det er garderobar, toalett og leikeplass like ved stranda. Vatnet er veldig langgrunt, og det er ikkje så vanskeleg å halde auge med borna som det kan vere andre stader. Om vinteren er sjøen, i likskap med dei fleste andre sjøar i Våler, ein ynda stad for ispilking.

På Braskereidfoss, ikkje langt unna Glomma ligg Forestia AS, ein arbeidsplass for mange i distriktet. Like ved ligg Norsk Trafikksenter, som er det største og mest moderne senter for avansert køyreopplæring i Norden. Anlegget er bygd spesielt for lastebilar, bussar og vogntog, men bana kan óg nyttast til andre aktivitetar, t.d. rulleski, sykkel, tryggleikstrening med motorsykkel og bil, og go-cart køyring. I løpet av sommaren blir det skipa til billøp, roadracing og sykkelritt. Særleg er roadracing-tilstellingane omtykte blant folk over heile landet. Er du i Våler, så ta ein tur innom!

I Våler sentrum - eller Vålbyen som ein kallar det - finn du alle dei serviceinstitusj-onane du treng: Butikkar, bank, postkontor, frisør, lensmannskontor, helsesenter, kafè og turistinformasjon, samt andre offentlege kontor. I Vålbyen er det fleire barnehagar, ein barneskule og ein ungdomsskule. Her har ungdommen til og med sin eigen fritidsklubb. Midt i Vålbyen ligg kommunelokalet, som sammen med Stallen (ein kafè, tidlegare stall) og kulturkontoret/nærradioen er ein rest av det gamle bygningsmiljøet i sentrum. Like ved ligg Våler kyrkje med kapell og kyrkjegard. I gangavstand frå sentrum ligg Våler alders- og sykehjem, ved sidan av bustadfeltet Hemme. Det andre store bustadfeltet ligg aust for sentrum, i Spulsåsen. I nærleiken av Hemme-feltet ligg "Rivieraen", dvs. sandstrendene ved Glommas bredder, der badelivet om sommaren er om lag så bra som det kan bli. Nokre kilometer lenger unna ligg Eidsmoen Ridesenter, der rideinteresserte kan boltre seg.

Er du interessert i å gå på museum, kan du besøke Våler Torvdriftsmuseum, som ligg omkring 5 km aust for Vålbyen, ikkje langt frå Hasla Skole. Våler har frå langt tilbake vore ein sentral stad for torvdrift. Museet tek utgangspunkt i den gamle torvskulen i Våler frå 1918, og viser maskiner, redskap, utstyr og arbeidsmåtar for alle former for torvdrift, både nye og gamle. Torvdriftsmuseet er nabo til Myrstrand torvfabrikk som blir drive med moderne maskinelt utstyr.

Våler er også heimkommune for Forsvarets befalsskule for artilleriet (AR2), som er plassert på Haslemoen (sør for sentrum). Sjølv om Haslemoen leir er ein militærleir, er den ikkje heilt stengt for sivile. Velferdsbygget, som inneheld både kantine og kino, ligg t.d. utanfor vakta. Om sommaren kan ein ha det morosamt på minigolfbana like ved. Det er også bane for leirdueskyting ikkje langt frå leiren. Ved haslemoen går den største lysløypa i Våler, der det er omtykt med sportslege aktivitetar om vinteren óg.

Kort sagt: Det er mykje du kan gjere i Våler om du skulle bestemme deg for å nytte ein del av ferietida di her. Treng du rekreasjon er Finnskogen staden for deg. Jakting, fisking og padling er aktivitetar som skapar ro i sjela hjå mange, og ei pause frå desse aktivitetane kan du få ved å besøke Gravberget kyrkje, Gravberget Gård, Leirskulen eller Haldammen, for å nemne noko. Også dei som ikkje har friluftsliv som deira store lidenskap kan få ei hyggeleg tid i kommunen. Her kan du bade, gå på ski, køyre go-cart, ri på hest, sjå på roadracing, spele minigolf og mykje anna. Ynskjer du å bli nokre netter, kan vi rå til Heia Hotel i Vålbyen, Støa Camping på Braskereidfoss, Gravberget Gård eller Finnskogen Leirskole. Velkomen er du same kva du vel!

 

Av: John H. Embretsen, johnemb@bigfoot.com