Den Norrøne Perioden

Den norrøne tida, som vi reknar frå omkring 700 til 1370, var ei tid med store omveltingar, både litterært og på anna vis. Den språklege utviklinga sette fart, ikkje minst på grunn av kristendommens inntog i Noreg (rundt år 1000). Med kristendommen kom det latinske alfabetet til landet for fullt, og erstatta det urnordiske runealfabetet. Ein trur at det vart skrive på norsk med det latinske alfabetet så tidlig som på 1000-talet, men dei eldste bevarte handskrifter på norsk er frå tida 1150-1200. Men dei språklege omveltingane var eigentleg berre noko som følgde med den nye religionen via prestar, biskopar og andre forkynnarar av kristendommen. Før kristendommen blei innført hadde jo den nordiske befolkningen den norrøne mytologien som religion.

I den norrøne mytologien, slik vi finn den i bl.a. eddadikta, er det ulike vesen av ulik rang, som tilhøyrer kvar sine heimstader i verdsbiletet. Midt i verda, i Midgard, bor menneskja. Utafor Midgard ligg Utgard, og i Utgard ligg heimen til dei onde og menneskefientlege jotnane, Jotunheimen. Lengst nord i Utgard (der det er kulde og frost) bur rimtussane og Hræsvelg. Hræsvelg (liksvelgaren) skapar all vind i verda. Æsane (gudane), som vernar menneskja mot bl.a. jotnane, bur i Åsgard. Odin er den framste av dei norrøne gudane, og han bur i Valhall, som også er opphaldsstaden til einherjane (menneske som har døydd i kamp, noko som var den gjevaste måten å døy på). Mange av Odins søner er blant dei viktigaste gudane: Tor, Balder, Vidar, Våle, Heimdall og Brage. Tor, som kanskje var den mest populære guden, brukte makt mot jotnane, og det var han som laga torden. Dei viktigaste blant åsynjene (dei kvinnelege gudane) var nok Frøy (for fruktbarheit og velstand) og Frøya (for kjærleik, fruktbarheit og elskov). Men den merkelegaste guden var Loke. Loke spilte ei dobbeltrolle; han var av jotunætt, men budde blant gudane. Det er laga diverse historier om norrøne gudar, men den viktigaste kjelda til den gamle gudelæra har vi, som sagt, i poesien, då særleg i eddadikta.

Dikt som i den norrøne perioda hadde gått på folkemunne i lang tid kallast eddadikt, og sannsynlegvis vart dei laga i tida mellom 800 og då dei blei skrive ned, på 1200-talet. Vi kan dele eddadikta inn i to hovudgrupper: gudedikt og heltedikt. Gudedikta handlar om dei norrøne gudane, og dei mest berømte av dei er Håvamål og Voluspå. I Voluspå fram-stilles verdslagnaden i mektige syner; det er altså ei forteljing om verdas skaping og undergang (ragnarok). Håvamål (Odins tale) gir ei poengtert framstilling av hedensk livsvisdom og livssyn. "Klimakset" i Håvamål er strofene som gir uttrykk for det viktigaste i livet på den tida, nemleg ettermælet. Dette med at du skal passe på ettermælet ditt går elles att i mesteparten av den norrøne litteraturen. Eit godt eksempel på dette finn vi i islendingesoga Soga om Gisle Sursson, som eg vil kome tilbake til seinare. Heltedikta har hovudgrunnlag i fellesgermansk sagnstoff og i særnordisk sagnstoff. "Heltane" har overdrevne eigenskapar, og dei er innlemma i handlingar som går langt utover røynda.

Tida før 1050 kallar vi førlitterær tid. Språkutviklinga kan vi finne ut mykje om ved å samanlikne skriftlege kjelder, og dei viktigaste kjeldene vi har frå denne tida er runeinn-skriftene. Runealfabetet i urnordisk tid (200-700) var samansett av 24 teikn, og blir kalla futhark. Men når vi kjem til den norrøne perioda (ca. år 700), er futharken erstatta med ei ny og kortare runerekke (16 teikn). På den tida hadde språket vorte tydeleg forandra også på andre måtar (bl.a. omlyd og synkope). På grunn av desse store språkforandringene fekk bl.a. den munnlege diktinga problem med å overleve. Denne tida blir derfor ei bakre grense for opphavet til viktige delar av den norrøne litteraturen. Men etter den urnordiske tida kom vikingetida, og då fekk norrønt språk utbredelse på Shetland, Færøyane, Island, Grønland, Orknøyane, Hebridane, i delar av Storbritannia og i Vinland. Ei tid kunne til og med nordmenn og engelskmenn forstå kvarandre!

Vikingetokta førte bl.a. til at Island vart delt mellom norske utflyttarar. Denne tida, mellom 860 og 930, kallar vi landnåmstida. I denne tida vart bl.a. islendingesogene laga, men desse vart ikkje skrive ned før på 1200-talet av islandske sogeforfattarar. Islendinge-sogene fortel om hendingar frå landnåmstida, altså meir enn 200 år før dei vart ned-skrivne. Dei fortel om det dramatiske livet i ættesamfunnet på Island, og heltane i sogene er historiske personar i eit velkjend miljø, der kjærleik og truskap til ætta er veldig sentrale tema. Sogene er skjønnlitteratur, men dei gjev seg ut for å vere historisk sanne. Eg skal no nemne nokre av dei viktigaste kjenneteikna for islendingesoger.

Handlinga i islendingesogene, til dømes Soga om Gisle Sursson, er bygd opp rundt ei konflikt som toppar seg i eit klimaks, ofte eit drap. I Soga om Gisle Sursson kjem det ikkje klart fram kor klimakset ligg, men vi kan seie at det er to drap som utgjer eit klimaks i kvar sin del av soga: Drapet på Vestein, Gisles verbror, i den fyrste delen, og det avsluttande drapet på Gisle i siste delen. Soga byrjar, i likskap med dei fleste andre islendingesogene, i Noreg, og fortel om korleis slekta bryt opp frå Noreg og flyttar til landnåmet på Island. Gisle er ikkje den eldste sonen, men han overtek likevel rolla som ættas forsvarar, ettersom Torkjell (den eldste sonen) etter kvart bryt med ætta. Gisle ynskjer å få med Torkjell, Vestein og Torgrim (Gisles andre verbror) i eit fosterbrorskap, men han lukkast ikkje (Vestein blir seinare drept, sannsynlegvis av Torgrim). Dermed oppstår det ei konflikt mellom Gisle og Torgrim, og det er i hovudsak denne konflikta handlinga er bygd opp rundt.

Vi merkar ofte korleis ættesamfunnet set preg på enkeltmenneska, og i denne saman-hengen vil eg trekkje fram blodhemnen, dvs. at ei fornærming må hemnast med ei minst like stor fornærming. Det var ikkje berre den fornærma personen som reagerte, men også slektningane. På denne måten kunne det oppstå ein slags ond sirkel; det kommer mothemn etter hemnen osv. Det hendte ikkje sjeldan at drapet vart brukt som hemn. Det kunne òg kome ei forsoning i stand mellom partane, men i Soga om Gisle Sursson skjer ikkje dette. Her drep Gisle Torgrim som hemn over drapet på Vestein, men han gjer det i skjul, og på den måten blir nok æreskjensla noko redusert. I tillegg til æra og ettermælet, var også lagnadstrua viktig i sagatida. Framtida viser seg ofte i draumar, og hovudpersonane kjempar ofte nyttelaust mot deira forutbestemde lagnad. I Soga om Gisle Sursson kjem lagnadstrua sterkt til uttrykk, ettersom det blir påstått at Gisle er sanndrøymd. Dette har ein samanbindande funksjon (bind saman fortid med framtid). Sogene byrjar ofte med ein presentasjon av ætta til hovudpersonane og av konflikta som fører til den nemnde blod-hemnen. Framstillinga glid kronologisk framover, men lange periodar utan noko spesiell handlig kan vere drege saman til berre ei setning, mens når det skjer noko refererer forfattaren handlinga mykje fyldigare - ofte med samtale. Unntak frå kronologien i Soga om Gisle Sursson skjer i draumane til Gisle. I draumane ser han nemleg to "spåkoner", ei god og ei ond, som viser korleis framtida hans vil bli. Islendingesogene har ei fleirstrenga framstilling, det vil seie at handlinga foregår på fleire stader til same tid. Formen er episk-dramatisk, og vi har det vi kallar for ei objektiv framstillingsform med autoral, men aldri allvitande, synsvinkel. Forfattaren kan likevel skape sympati for eller motførestellingar mot enkelte personar ved å vere selektiv med omsyn til eigenskapane til personane.

I mange islendingesoger er skaldestrofer innfletta i handlinga. Desse strofene kan gje uttrykk for kjensler, tankar og andre ting som ikkje kjem godt nok fram elles i handlinga. Gisle lagar skaldestrofer som er innfletta i handlinga; eit godt eksempel er der han røper at han hadde noko med mordet på Torgrim å gjere, ved å seie at han ikkje var lei for det. I skaldekvada blir lesaren mykje meir utfordra intellektuellt, fordi ein sjølv må finne ut kva som indirekte blir sagt. Mot, sjølvhevding og handlekraft er oppvurderte eigenskapar, slik det etter alt å dømme var i røyndas landnåmstid òg - ættas ære tagast vare på. Menn er dei formelle hovudpersonane, men kvinnene kan også spele ei stor rolle. Kvinnene kan vere motiv for sjalusidrap, dei kan påvirke mennene til å gjere det dei vil, osv. Dei sentrale kvinnene blir ofte vurdert etter kven av mennene dei støttar/går i mot. Den mest sentrale kvinna i Soga om Gisle Sursson er Gisles syster, Tordis. Det er ho som viser kor vanskeleg det kunne vere for kvinner å velje mellom kjærleiken og truskap til ætta.

I islendingesogene kan vi finne ein sagarealisme vi kan kalle idealisert realisme, dvs. at heltanes gode og vonde eigenskaper er forstørra, ofte utover det vi kan kalle realistisk. Særleg skildringane av kampane i Soga om Gisle Sursson er gode døme på dette. Denne realismen set sogene i ei særstilling i europeisk mellomalderdikting.

Sjølv om islendingesogene har ei kjerne av historisk sanning, vart det brukt andre måtar, til dømes sklaldediktning, for å bevare historia for ettertida. Skaldekunsten vart utøvd av både nordmenn og islendingar. Skaldane var ofte knytta til kongar, fordi kongane ville ha nokon til å skrive ned bragdene deira på ein korrekt måte. Difor vart det stilt store krav til skaldane (ein skald kunne ikkje vere kven som helst!). Skaldekvada måtte nemleg byggast opp etter heilt spesielle reglar for rim, rytme, lengde på orda og ordval. Ein av dei største skaldane var islendingen Egil Skallagrimson. Han dikta dei fyrste kvada sine då han var tre år gammal, og mange av kvada hans finn vi i ei av dei største islendingesogene, Egils saga. I skaldekvada, som elles i prosaen, vart det brukt verkemiddel som heiti (spesielle poetiske ord) og kenningar (poetiske omskrivningar som til dømes: blod ® sverdets sveitte). Skaldane viste ofte til den norrøne mytologien, så det var eit krav til lesarane at dei kunne ein del om han. Men når vi kjem fram til 1200-talet var skaldekunsten i ferd med å gå i gløymeboka, bl.a. fordi kristendommen hadde fått fotfeste i samfunnet. Difor skreiv Snorre Sturlason (1179-1241) læreboka i skaldediktning, som ein del av Snorre-edda, kring 1220.

Forteljingar med historisk innhald finn vi òg i kongesogene. Dei fyrste vart skrivne allereie på 1100-talet; to av dei mest namngjetne kongesogene er Ågrip (utdrag) og Sverres saga. Men det kan hende det største verket frå denne tida er Snorre Sturlasons Heimskringla, ein kongesogeserie der Olav den heilages soge er mest sentral. Alle dei norske kongane fram til 1177 har fått plass i Heimskringla, difor blir ho òg kalla Noregs kongesoger. Kongesogene vart skrivne under sjølve gullalderen for den norrøne litteraturen (den litterære stordomstida), då mesteparten av den norrøne litteraturen vart nedskriven. Stordomstida vara frå siste del av 1100-talet til kring 1300.

Mannen som var ansvarleg for Snorre Sturlasons død, var Håkon Håkonsson (1217-1263). Han sørgde også for å få innført riddarsogene til Noreg. Riddarsogene er prosaomsetjingar av europeisk, hovudsakeleg fransk, helte- og trubadurdiktning, til dømes Soga om Tristram og Isond. På denne tida vart også boka Kongespegelen laga. Kongespegelen er ei slags lærebok om livet ved hoffet, og er 1200-talets mest imponerande norske original-verk. Boka er bygd opp som ein dialog mellom far og son, og er tydelegvis skriven av ein som har stått kongen nær.

Den siste delen av sogediktninga eg vil trekkje fram, er fornaldarsogene. Fornaldarsogene, som også vart kalla lygesoger, var populærlitteratur om forhistoriske heltar, og vart nedskrivne på Island i tida frå 1250 til byrjinga av 1300-talet. Innhaldet var kjend stoff i befolkninga, og hovudgrunnen til at sogene var så populære, var at dei var underhaldande og morosame, med sex, vold og eventyrlige heltar og skurkar som hovudingrediensar.

Etter at den litterære stordomstida var over, det vil seie på 1300-talet, døydde bortimot all litterær produksjon ut i Noreg, på same tid som det norrøne skriftspråket forfall. Denne tida var også ei økonomisk og politisk nedgangstid. Den norske kongerekka vart broten, og danskane gjorde sitt inntog i landet, noko som også fekk innverknad på språket i Noreg. Svartedauden (1349-50) hadde ein katastrofal verknad for skrive-/forfattaropplæring og kulturell tradisjon. Etter å ha vore bland dei mest framifrå produsentane av litteratur i denne perioden, vart det eit slags "antiklimaks" for Noreg å oppleve denne nedgangstida. Men dei religiøse omveltningane som kom med kristendommen på 1000-talet forsvann i hovudsak ikkje, fordi kristendommen hadde slått rot i resten av Skandinavia òg. I noregshistoria er likevel den norrøne perioden eit litterært høgdepunkt, og vi kan lese tekstar frå denne tida med den same gleda i dag som for 700 år sidan.

 

Kjelder:

- Aschehoug og Gyldendals Store Norske Leksikon (1989), bind 7, 10 og 11.

- Tekst og Tanke (lærebok i norsk) (1995)

- Soga om Gisle Sursson + analyser

 

Av: John H. Embretsen, johnemb@bigfoot.com